I januar kunne dei seks bebuarane flytta inn i det nye bufellesskapet i Sæbøhaugen. Tysdag 21. februar var ordførar Liv Kari Eskeland invitert til å feira opninga saman med bebuarane og dei tilsette.  

Etter å ha teke ordføraren med på ei omvisning i dei nye husværa, var det tid for å knyta opp sløyfa og erklæra bufellesskapet for offisielt opna. To av bebuarane stilte opp for å hjelpa ordføraren med dette oppdraget.

Etter sløyfeopninga spanderte bebuarane blautkake på ordføraren og alle som hadde møtt opp på opninga.

Bufellesskapet i Sæbøhaugen er eitt av fire nye bufellesskap for personar med særskilte behov i Stord kommune. I Sæbøhaugen er det seks husvære for bebuarar og eitt husvære som vert nytta til felles møteplass. I tillegg er det døgnoperativ personalbase. 

Kvart husvære har eit areal på 75 kvadratmeter og er tilpassa dei fleste behov i alle fasar av livet. Det er til dømes heis/løfteplattform i husa.

Dei andre bufellesskapa ligg på Ås, Knutsaåsen og i Apalvegen. Det er førebels berre Sæbøhaugen som har hatt innflytting.

sabo opning

Wenche Oppedal og Leif Midttun måtte hjelpa ordføraren med å knyta opp sløyfa.

Ordføraren opnar blautkaka saman med bebuarane.

Ordføraren opnar blautkaka saman med bebuarane.

Inne i eitt av husværa.

Wenche Oppedal og Audhild Eidet (t.h.) syner stolt fram husværa sine til ordførar Liv Kari Eskeland. 

 Fasade

Eitt av dei to bygga som utgjer bufellesskapet i Sæbøhaugen.