Ordføraren klypper snora og erklærer nybygget for opna.

Måndag 11. mars var ein festdag på Langeland skule. Då vart nybygget offisielt opna og feira med korpsmusikk, bollar og saft. 

Skulekorpset spelte og elevane song. Rektor Øyvind Nordlie og ordførar Liv Kari Eskeland heldt flotte festtalar der dei spesielt bad elevane om å ta godt vare på det nye bygget.

Etter snorklyppinga delte elevane ut boller til alle, og dei som ville fekk vera med på synfaring i dei nye klasseromma.

Nybygget på Langeland skule er på 442 kvadratmeter, og inneheld fire klasserom og tre grupperom. Langeland skule har i dag 390 elevar. Med nybygget er kapasiteten på 440 elevar.

I følgje utkast til ny skulebruksplan vil elevtalet auka med om lag 50 elevar dei komande seks åra. Frå 2020 til 2030 vil elevtalet truleg halda seg mellom 430–450 elevar. Det føreligg planar om eit vidare byggjesteg for å møta framtidig auke i elevtalet. 

Bildet: Elevrådet hjelper til med å halda snora for ordføraren når ho skal klyppa.  

Sjå fleire bilde frå opninga

Klikk her for å sjå bildene i større format