Torsdag vitja delegasjonen Stord rådhus for omvising i regi av rådmann Magnus Mjør og varaordførar Leif Steinar Alfsvåg.

- Me er takknemlege for å få jobba med venskapen, og for at me fått moglegheita å vitja Stord kommune. Me ser for oss at venskapsstyra i begge landa skal føre samarbeidet vidare gjennom fleire prosjekt i framtida, sa Edwin Curruchich, leiar for venskapskomiteen i Comalapa, under besøket i rådhuset.

Delegasjonen har ei veka på Stord føre seg med eit fullspekka program. Dei skal blant anna på konsert i kulturhuset med Stord ungdomskor, vitja fleire barnehagar og skular, vera med på open dag i Gruo på Litlabø samt ein tur til Moster på Bømlo. Høgdepunktet på programmet er markeringa av 25-årsjubileet laurdag 25. april med seminar og jubileumsfest på Stord vidaregåande skule.

Bilete på topp: Frå Comalapa kommunen er ordførar Valeriano Pichiyà, rådmann José Brigido Tomás, kommunestyremedlem Juan Xocop og hjelpeordførar Paula Raxjal. Frå venskapskomiteen i Comalapa er leiar Edwin Curruchich, sekretær Olga Salazar og styremedlem Nicolàs Telón. På biletet er også rådmann Magnus Mjør og varaordførar Leif Steinar Alfsvåg.