I denne runden er det området ÅS-Bjelland som vert inspisert. Vitek-bilen har allereie rulla rundt i ei veke, og enno er det nokre veker att før oppdraget er fullført.

– Det er i dette området dei eldste røyrane ligg, og ved å gå inn med kamera får me informasjon om status på røyrane. Ut frå desse opplysningane får me vita kva som trengs av investeringar for å oppgradera leidningsnettet, forklarar fagsjef Arnstein Hetlesæter ved Stord vatn og avlaup KF.   

Operatør studerer sendinga på skjermen inne i spesialbilen.

Øystein Arefjord frå Vitek AS studerer sendinga på skjermen i spesialbilen.