Det var stor songglede og smittande godt humør blant songarane i koret, fortel dei musikalske leiarane Hannah Hillersøy Resser og John-Inge Rolfsnes. I første omgang vil koret som prosjekt gå fram til starten av desember, men me vonar å halda fram i 2024.

Kultursjef Anne Lene Østvold Jordåen fortel at det har vore stor interesse for å få til eit demenskor på Stord, og det er utruleg flott at dette tilbodet no er i gong. Stord Fitjar demensforeining har hatt ei viktig rolle i arbeidet, og det same har Randi Huglen som er demensrådgjevar i kommunen. 

Fleire andre i kommunen står bak opplegget, i tillegg til det fantastiske engasjementet frå frivillige. Gruppa av frivillige er stor, og dei hjelper til med stort og smått. Alt frå å fiksa namneskilt og kaffi til å vera med å syngja i koret. Her har mange bidratt for å laga ei trygg og superkjekk ramme rundt koret.