Robotklypparar har vore mykje nytta i Holland, men har ikkje tidlegare vore prøvd i Noreg. No skal Stord IL investera i ein slik sjølvgåande klyppemaskin.

– Dersom dette fungerer vil leverandøren nytta oss som pilotprosjekt, fortel ordførar Liv Kari Eskeland.

Ho rosar baneansvarleg Atle Heggøy som fekk ideen om ein sjølvgåande klyppemaskin då kommunen la klyppejobben over på Stord IL.    

Stord IL har fått eit tilbod på i underkant av 100 000 kroner for klyppemaskin. Då skal han vera ferdig installert og klar å takast i bruk. Kommunen har ytt eit tilskot på 10 000 kroner til investeringa. Næringslivet i kommunen har også hjelpt til gjennom sponsing. 

I følgje avtalen med Stord kommune, vil Stord IL ha ansvaret for drift og vedlikehald av klyppemaskinen og tilhøyrande utstyr. Avtalen mellom Stord IL og kommunen om klypping av grasbanen skal gjelda som ei prøveordning ut sesongen 2012.

Bildet: Leiar Henning Iversen i Stord IL og ordførar Liv Kari Eskeland signerer avtalen. Baneansvarleg Atle Heggøy til høgre.