Norsk forbund for utviklingshemmede (NFU) Stord/Fitjar lokallag har tatt initiativ til eit nytt tilbod om friluftsliv for alle.

Etter ide og med inspirasjon frå Haugesund og Bømlo, og med hjelp til å starte opp frå Friluftsrådet Vest, vil første friluftssamling bli på Sæbø gard onsdag 25. mai 2016.

Det vil bli ulike aktivitetar, og avslutning rundt bålpannen med kaffi og noko godt å bite i.

To til tre samlingar kvart halvår

Målet er å ha to til tre samlingar kvart halvår. Andre lag og organisasjonar på Stord vil bli invitert til å delta med aktivitetar. Det vil bli samlingar ulike stader på øya.