Frå 11. februar til 30. april var Stord kommune med i den landsommfattande aktivitetskonkurransen Dytt. Kommunen stilte med 35 lag, og målet var å auka aktivitetsnivået og gå i gjennomsnitt 10 000 skritt kvar dag.

Stord kommune gjekk til saman 210 216 315 skritt, 159 658 kilometer og 3,98 rundar rundt jorda. Tjødnalio barnehage gjekk lengst.

Overrekking av fruktkorgFølgjande tre lag som hadde gjennomsnitt på 10 000 steg kvar dag vann fruktkorg:

  • Dreamteam Åsen (Knutsaåsen Omsorgssenter)
  • Tal-akrobatane (Rekneskap og løn, bilde høgre
  • Personalgruppa (bildet øvst)

I tillegg vart det trekt ut seks tilsette som får eit gåvekort på kroner 500 frå Sport1 kvar. Dei heldige var:

  • Madli Martens
  • Randi Huglen
  • Anne Grete Vik
  • Selvilje Hasani
  • Trine Hjertholm
  • Randi Sveinsgjerd