Feiringa på Stord Hotell var ei markering av tilsette som har jobba 25 eller 40 år i kommunen. Både rådmann Magnus Mjør og ordførar Liv Kari Eskeland heldt tale for jubilantane.

- Kommunen kan vera stolt som arbeidsgjevar, sa rådmannen i velkomsttalen sin.

Ordføraren mimra tilbake i tid, og plukka fram fleire hendingar for både 25 og 40 år sidan. Blant anna nemnte ho at kommunestyret vedtok kommunevåpenet for 25 år sidan og at Stord kommune har fått dobbelt så mange innbyggjarar på 40 år.

- Fleire av dykk har vore i ulike stillingar i kommunen opp gjennom åra, og kvar enkelt av dykk har ein karriereveg som også viser utviklinga som kommunen har hatt i desse åra. Dykk sitter på mykje erfaring og kompetanse og viser ein lojalitet og eit engasjement som er beundringsverdig, sa ordføraren i talen sin til jubilantane.

25-årsjubilantane fekk utdelt ei vase og ein flott blomebukett, mens 40-årsjubilantane vert markerte med ein flott bukett og tre lysestakar.

Her finn du liste over jubilantane som var til stades under markeringa.
Her finn du liste over jubilantane som ikkje var til stades under markeringa.