Rådgjevar Miriam Steinstø Haugen og seniorrådgjevar Sissel Mehammer frå Utlendingsdirektoratet (UDI) var til stades og informerte om flyktningsituasjonen som Noreg er i no. Dei treng mange mottaksplassar til alle flyktningane som treng ein trygg plass å bu etter å ha vert på ein strabbasiøs flukt.

Per dags dato er det 112 mottak og 47 driftsoperatørar i Noreg og om lag 75 % av flyktningane får opphald i Noreg i år, så det er behov for fleire operatørar. UDI har omsorgsansvar for bebuarane, men delegerer ansvar til driftsoperatørane. UDI legg mottaksplassar ut på anbod, og private, organisasjonar og kommunar kan koma med tilbod. 

Om mottaket på Litlabø

Det kjem omlag 50 flyktningar til Litlabø i veke 45. Mottaksleiar Håkon Frode Særsten fortalte at det dei har fokusert på til no er å laga sikre prosedyrar også har dei tilsett 10 personar som skal jobba på mottaket. Enno manglar dei to stk. Vidare informerte han om at dei sjølvsagt ønskjer integrering og har vert i kontakt med lag og organisasjonar i nærmiljøet for å få til avtalar.

Det er frivillig å bu på mottaket for flyktningane. Dersom dei vel å bu der inngår dei kontrakt med diverse rettar og plikter. For eksempel må dei delta på informasjonsprogram. Dei må også gå på skule eller norskopplæring.

Skal flyktningane gå på vanleg skule?

Kommunalsjef Mariann J. Hilt informerte om at dei vil ta stilling til om dei unge flyktningane skal gå på vanleg ungdomsskule eller på norskopplæring når dei kjem til Stord. Dette kjem an på kor mange som er i ungdomsskulealder og om det er analfabetarar som treng grunnopplæring.

Oppfordra til å hjelpa

Frå salen oppfordra Mohammed Kallel alle til å tilby hjelp til flyktningane i form av norskopplæring for eksempel ein gong i veka. Dette vart sat pris på hos administrasjonen i kommunen og UDI, då det kan ta opp til tre månader før norskopplæringa vert sett i gong, og det uansett kan vere bruk for leksehjelp. Salen applauderte forslaget.

To mottak i bydelen

Sigbjørn Framnes stilte spørsmål til avisoppslaget om at det kanskje skal bli to flyktningmottak i Sagvåg og Litlabøområdet, til det svarte UDI at dei ikkje hadde høyrt noko om dette. Dei ønskjer å fordela mottaka jevnt i regionen.

Bli verje

UDI oppfordrar folk til å bli verje for flyktningane for å få god integrering for dei. Det er allereie 12-15 stk som har vert på opplæring hos Fylkesmannen. Meir informasjon om å bli verje finn du på www.fylkesmannen.no.

Godt rusta

Rådmann Magnus Mjør meinar me er rusta til å ta imot flyktningane ved at me har lagt inn meir midlar i vaksenopplæringa og at me får midlar frå UDI.

- Situasjonen som har oppstått er internasjonal og eg meinar bydelen har kapasitet til å ta imot desse flyktningane, sa ordførar Harry Herstad. 

Dersom du vil veta meir om drift og krav for dei som skal driva mottak kan du gå inn på www.udi.no