Eit forslag om finansieringa av arbeid på fylkesveg 545 vart lagt fram i statsråd i dag.

Innkrevjinga i ferjesambandet tok til i 2002 og er med på å finansiera delar av kostnadene for utbygging av strekningar på E39 på Stord mellom Borrevik og Sandvikvåg. Innkrevjinga blir gjennomført ved påslag på ferjetakstane.

For utbetringa av delar av fylkesveg 545 er det no lagt til grunn ei samla økonomisk ramme på 59 millionar 2012-kroner. Finansieringa skal skje ved ein kombinasjon av bompengar i riksvegferjesambandet E39 Halhjem – Sandvikvåg og fylkeskommunale midlar.

– Dette betyr betre og meir trafikksikker veg og fører også til at hovudfartsåra E39 får ein betre omkøyringsveg, seier samferdselsminister Marit Arnstad i ei pressemelding frå samferdsledepartementet.

Det føreslåtte bompenge- og finansieringsopplegget er i tråd med vedtak i Hordaland fylkeskommune og i kommunane Fitjar og Stord.