Odd Magne Agdestein og Magnus MjørKommunane Stord, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad og Tysnes har sidan 1996 hatt ei interkommunal innkjøpsordning med forpliktande samarbeid, der Stord kommune er vertskommune og har tilsett felles innkjøpssjef.

Innkjøpsordninga har også resultert i samarbeid med nabokommunar på Haugalandet og i Hardanger samt Hordaland fylke.

Lønsamt med samarbeid

Som eit resultat av dette har ein no fått etablert felles kontraktar på fleire område. Desse gjeld blant anna kontorrekvisita, fritt skulemateriell, IKT- og idrettsutstyr, IKT-konsulent samt reinhaldsrekvisita. Kontraktane har totalt ein verdi på cirka 220 millionar kroner for alle kommunane. Av dette er Stord kommune sin del rundt 25 millionar kroner over ein avtaleperiode på fire år.

- Gjennom dette samarbeidet og voluma på kontraktane oppnår kommunane prisar og vilkår som elles ikkje hadde vore mogeleg, fortel Odd Magne Agdestein, innkjøpssjef i Stord kommune.

- Dette er eit typisk område der kommunane står mykje sterkare gjennom eit interkommunalt samarbeid, supplerer rådmann i Stord kommune Magnus Mjør.

Bilete: Innkjøpssjef Odd Magne Agdestein og rådmann Magnus Mjør, som skriv under på innkjøpskontraktar.