Representantar frå dei tre kommunane Stord, Bømlo og Fitjar var alle representerte ved stiftningsmøtet for Sunnhordland interkommunale legevakt. Den nye legevaktordninga som er felles for kommunane har oppstart 24. februar 2014.

Blant anna val av nytt styre var på sakslista, og Leif Arne Alvsvåg, varaordførar i Stord kommune, innleia møtet med å framheve det historiske ved samarbeidet.

- Dette er eit historisk møte, ettersom eit viktig samarbeid mellom kommunane trer i kraft snart. Kommunane samarbeidar allereie godt på fleire område, men dette prosjektet krev ekstra bra samarbeid, sa Alvsvåg.

Skal sikra augeblikkeleg hjelp

Den nye legevaktordninga er resultat av fleire års forarbeid. Bakgrunnen for Sunnhordland interkommunale legevakt er blant anna forskrifta som skal sikra at befolkninga får fagleg forsvarleg akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus ved behov for augeblikkeleg hjelp.

Samhandlingsreforma gjev kommunane auka ansvar der ein må etablera tilbod om døgnopphald for augeblikkeleg hjelp innan 2016.

Utvida opningstider

Opningstidene ved IKS legevakta, som vert stasjonert ved Stord sjukehus, vill bli utvida i høve til dagens ordning. I opningstida til legevakten vil det vera sjukepleiarar og lege på jobb. I tillegg vil legane ha tilstadesvakt på natt, og ein vil ha bakvakt i beredskap i helg og når turnuslege er på jobb.

 

Bilete på topp frå venstre:

Leif Arne Alvsvåg (varaordførar, Stord kommune)
Odd Harald Hovland (ordførar, Bømlo kommune)
Janett Svendsen (dagleg leiar, IKS legevakt)
Wenche Tislevoll (ordførar, Fitjar kommune)
Hege Etterlid (økonomisjef, Stord kommune)
Andreas Moe Larsen (assisterande rådmann, Fitjar kommune)
Kjell Magnar Mellesdal (kommunalsjef, Bømlo kommune)
Knut J. Gram (kommunalsjef, Stord kommune)