Folket på Huglo, noverande og tidlegare elevar og lærarar er invitert til denne hundreårsmarkeringa på Huglo skule.

Timeplan for dagen

Kl 13.00

  • “Det ringjer inn”
  • Open skule med ulike utstillingar
  • “Friminutt”
  • Nye og gamle aktivitetar for alle aldrar
  • Kafè i stort telt på skuleplassen
  • Kaffi og kaker, og ein god prat.

Kl 15.00

  • Fest i gymsalen
  • Festprogram med song, tale, helsingar og underhaldning
  • Mat: betasuppe og jubileumskake

Pølsespidding i Tveitevågen.

Elevar frå Huglo skule på tur i Tveitevågen.