Modular levert på Langeland skule- Den første modulen er på plass og får følgje av meir enn tjue andre modular over tre dagar denne veka, fortel rektor ved Langeland skule, Øyvind Nordlie.

Byggesteg 1 og 2 ved Langeland skule vart påbegynt i 2012 og tatt i bruk i mars 2013. På grunn av
elevtalsutviklinga ved Langeland skule vart byggesteg 3 planlagt i år.

Kommunestyret vedtok samrøystes i møte i februar vidareutbygging av Langeland skule. Utbygginga omfattar ein etasje til på nybygget og ombyggingar for mellom anna arbeidsplassar og garderobar for dei tilsette.

Utbygginga skal etter planen stå klart til skulestart i august.

Les meir på Langeland skule si heimeside.