Dronninga og KongenKongen og Dronninga har 25 år jubileum i år og skal ut på jubilerumsreise med Kongeskipet langs norskekysten frå 17. til 29. juni. Bergen er ei av hamnene som vert besøkt.

I samband med dette er ordførarane i Hordaland invitert til hagefest saman med kongeparet, og får ta med seg nokre gjester kvar. Gjestene skal vera eit speilbilete av befolkningen i kommunane. 

Gjestene frå Stord, er: Anne Jorunn Økland, Kjell Aasheim, Robert Delis, Susan Bathatho Hassan, Håvard Koløen Johannessen, Reidar Lunde, Solveig Amalie Tingvold Tveita og Rigmor Vikane Førland.

Håvard Koløen Johannessen er IKT lærling i Stord kommune og vart veldig overraska når han fekk invitasjonen.

- Eg vart veldig overraska. Det var uventa, men det er sjølvsagt utruleg kjekt å få sjansen til å vera med. Detta er noko eg ser veldig fram til, seier Johannessen.

Det vert felles reise med buss for gjestene frå Stord, Fitjar og Bømlo.

Les meir om jubileet på www.kongehuset.no.

Foto: Jørgen Gomnæs, Det kongelige hoff.