Formannskapet bestemte for ein månad sidan at rådmannen skulle arbeida fram eit konsept for drift av kommunalt asylmottak i Stord kommune. Sidan formannskapet sitt vedtak har rådmannen arbeida fram ein modell til UDI sin anbodskonkurranse. Modellen vil innebere eit mottak i kommunal regi med 140 mottaksplassar, med høve til å auka med 60 plassar i to seinare trinn. Kommunen har ikkje bygningsmasse som kan romma eit mottak med til saman 200 plassar, og det var difor sett på eit konsept der kommunen leigar lokale i den private marknaden, i tillegg til å nytta den kommunale bygningsmassen på Sævarhagen.

Administrasjonen har vurdert to anlegg som særs godt eigna for drift av asylmottak, og har henta inn pris på leige av desse. Målet var å leggja inn anbod til fristen til UDI som var 11. september, med oppstart av mottaket frå 1. februar 2016. Det var likevel ikkje mogleg å oppnå leigeprisar som ville gjera det mogleg å gje tilbod innanfor den økonomiske ramma UDI har sett for anbodet. Difor lot det seg ikkje gjera å levera anbod til denne fristen.

Rådmannen vurderer det framleis aktuelt å etablera eit kommunalt mottak til seinare anbodsrunder. Det er førebels ikkje klart kva tid desse anbodsrundane kjem.

Det er framleis aktuelt å nytta Sævarhagen som ein avdeling av mottaket, der Stord kommune eig fleire bygg som i dag husar kontor for heimebaserte tenester, avlastingstilbod og dagtilbod for demente. Bygningane treng oppgradering før dei kan nyttast som bustad, og ein treng finna alternative lokale for dei eksisterande tenestane. Sævarhagen kan difor tidlegast vera klar for asylmottak frå midten av 2016.