Kommunen har engasjert eit konsulentfirma til å gjennomføra synfaring og taksering av eigedomane. Synfaringane vil verta utført både kvardagar og helger. 

Takseringa vil bli utført etter retningslinjer som er vedtekne av kommunen, slik at alle eigedomane får ei mest mogeleg einsarta handsaming. Takstane skal regnast på grunnlag av omsetningsverdien på eigedomane.

I samband med takseringa vert det sendt ut brev til eigarane. Brevet vert sendt til tinglyst eigar av eigedomen. Dersom eigedomen har fleire eigarar, vil berre ein av eigarane få dette brevet.

Synfaring

Alle eigedomane skal synfarast utvendig. Det er ikkje nødvendig for eigaren å vera til stades ved synfaringa. Ynskjer du som eigar likevel å vera til stades, må du gi skriftleg melding til Stord kommune om dette (sjå adresse nedanfor). Meldinga må du senda innan fire veker frå du mottek brevet. Hugs å oppgi telefonnummer du kan kontaktast på dagtid. Eigedomsskattekontoret tek då kontakt med deg for å avtala nærmare tid.

Kontaktinformasjon

For spørsmål knytt til eigedomsskattegrunnlaget kan du kontakta Stord kommune. Hugs å oppgi kva for eigedom det gjeld (gards- og bruksnummer).

Postadresse:

Stord kommune
Eigedomsskattekontoret
Postboks 304
5402 Stord

E-post:

eigedomsskattekontoret: eskatt@stord.kommune.no

Besøksadresse:

Rådhuset (1. etasje)
Borggata 2

Telefon:

Telefon til eigedomsskattekontoret er 53 49 68 57

Klage

Sakkyndig nemnd vedtek alle takstane. Dersom du som oppsitjar er usamd i skattegrunnlaget, må du fremja ein skriftleg klage innan fire veker. Du må framsetja klagen etter at takstane er sendt ut og skattelistene er lagt ut til offentlig ettersyn. Kva tid listene vert lagt ut og klagefristen tek til vert kunngjort i bladet Sunnhordland og på www.stord.kommune.no

Meir om eigedomsskatt

Meir informasjon om eigedomsskatt og taksering finn du www.stord.kommune.no/eskatt. Denne informasjon vil også vera tilgjengeleg i kundetorget i Rådhuset.