Det er elevane på  1.-4.årstrinn som får tilbod om gratis leksehjelp.  Det totale omfanget leksehjelp skal til saman vera minimum 8 timar kvar veke, fordelt slik at kvart årstrinn får tilbod om hjelp minimum 1 time i veka.

Føremålet med tilbodet  er å gje elevane støtte til læringsarbeidet, og hjelpa vert organisert i grupper der det også skal leggjast vekt på godt miljø og trygt tilsyn.

Der leksehjelpa vert organisert som del av skulefritidsordninga, kan ikkje kommunen ta betalt for den tida eleven tek mot leksehjelp.

Vil få informasjon frå skulen

Kvar skule vil gå ut med nærare informasjon om leksehjelp  og spørsmål om kven som ønskjer nytta seg av tilbodet. Foreldre kan då ta stilling til om deira barn skal ha leksehjelp, og det er ikkje nødvendig med eigen søknad.

Endringane i opplæringslova og privatskulelova om leksehjelp vart vedteke i Stortinget 14. juni 2010. Lova trådde  i kraft  frå 1. august 2010, og Stord kommune legg altså opp til å ha eit opplegg på plass i løpet av første halvdel av september.