Stad: Kunsthallen, Kulturhuset Stord
Dato/tid: Tysdag 21. mai kl. 17.00–19.00

I tida 10-24. mai er fem representantar frå Stord sin venskapskommune San Juan Comalapa i Guatemala på vitjing på Stord. Vitjinga er i samband med eit partnarmøte i det internasjonale kommuneprosjektet MIC (Municipal International Cooperation) finansiert av Norad og administrert av KS.

Dei som er med er ordførar Valeriano Pichiyá, varaordførar José León Chalí, rådmann José Brigido Tomás, Zonia Roquel som er einaste kvinne i kommunestyret og Angela Mich som er ei av leiarane av kvinnekontoret.

Stord og Comalapa er no inne i det siste året av den andre treårs bolken saman med fem andre norske og guatemalanske kommunar. Føremålet med prosjektet er å auka kunnskap om miljøspørsmål og bosshandsaming, og å auka deltaking av kvinner i fora der avgjersler vert tekne.

I januar 2013 vitja Chris-André Elvik, Ragnhild Storebø og Jan Morten Nesse frå Venskap Stord-Comalapa venskapskomiteen i Comalapa. På møtet tysdag vil dei fortelja om kva tema venskapskomiteeane samarbeider om og om planane vidare. 

Program:

  • Velkomen v/ ordførar Liv Kari Eskeland som vitja Comalapa i januar 2013
  • Helsing frå styret i Venskap Stord-Comalapa v/leiar Chris André Elvik
  • Kunstnerisk innslag ved Einar Steinkopf og Tiril Einarsdotter. Fiolin, song, gitar
  • Det internasjonale kommuneprosjektet MIC v/koordinator Gerd Synnøve Fladby
  • Rådmann José Brigido Tomás viser lysbilete og fortel kva Comalapa kommune har oppnådd og utfordringar vidare
  • Jan Morten Nesse, nestformann i Venskap Stord-Comalapa fortel og viser lysbilete frå vitjinga i Comalapa i januar 2013

Me håpar mange nyttar høvet til å bli meir kjent med den fargerike venskapskommunen vår i høglandet i Guatemala der dei fleste innbyggarane er mayaindianerar.

Det er Stord kommune som arrangerer møtet saman med foreininga Venskap Stord-Comalapa.

Om du har spørsmål, ta kontakt med Gerd Synnøve Fladby, mob 416 94913
gerd.synnove.fladby@stord.kommune.no

Vel møtt!