Jensanesvegen er eit stort og omfattande prosjekt som politikarane, ulike organisasjonar og kommunen har jobba sterkt og samla om i mange år. No er arbeidet endeleg i gang.

– Dette har me venta på lenge, og det er brei semje blant politikarane om dette prosjektet, sa ordførar Liv Kari Eskeland og ynskte lykke til med arbeidet.

Prosjektet er eit resultat av tett samarbeid mellom kommunen, fylkeskommunen, vegvesenet, Stord vatn og avlaup KF, SKL og Telenor.  

Opning av festkaka for Jensanesvegen.Både veg, vass- og avlaupsnett skal utbetrast. Samstundes vil det verta utført sanering av linjer for straum og telefon. 

Området skal etter planen stå ferdig utbetra i august 2013.

Utbetring av vegen

Vegen har dårleg standard og skal utbetrast på ei strekkje på 800 meter frå Seglneset til Kappelen. Dersom det er midlar att vil ein halda fram 200 meter til Vikaneskleivo.

Vegopprustinga inneber følgjande:   

  • Nytt fortau med gatelys
  • Sanering av avkjørslar og ombygging/nybygging av sidevegar
  • Nye vegmurar med høgd opp mot 10 meter
  • Riving av to hus
  • Ombygging og utviding av fylkesveg 70

Vatn og avlaup

Alt avløp frå Einardalen og til Kappelen skal samlast og videreførast frå Kappelen. Det skal og byggjast tre kommunale pumpestasjonar og nokre private. I tillegg skal hovudvassledninga erstattast med ein ny og større leidning.

Når ein først er i gang, vil SKL sanera linjene sine, leggja kablar i grøft og setja nye trafokioskar i området. Telenor vil også sanera deler av sine linjer, og SKL- Breiband vil leggja trekkerøyr.

Fokus på tryggleik

I følgje leiar Sivert Haaland i Stord vatn og avlaup KF vil ein i anleggsperioden ha spesiell fokus på tryggleiken både for dei som arbeider med prosjektet, og for publikum og skulelevar som nyttar vegen.

Prosjektet har ei kostnadsramme på rundt 35 millionar kroner. 15 av desse er midlar som Stord kommune forskotterer til utbetring av fylkesvegen. Fylkeskommunen betalar 21 millionar til vegprosjektet, og Stord vatn- og avlaup KF har budsjettert med 19 millionar kroner til vass- og avlaupsdelen. 

Det er Engelsen Anlegg AS som skal utføra arbeidet.

Bileta:
Øvst:
Ordføraren tek første "spadestikket".
Nedst: Ordførar Liv Kari Eskeland og Elin Skjetne Lilleheim frå velforeininga i Jensanesvegen sprettar festkaka som markerer oppstart for Jensanesvegen-prosjektet.