Nasjonal feiring

Stortinget har sett ned ein hovudkomité for grunnlovsjubileet i 2014. Ei målsetting for jubileet er å kombinere nasjonale satsingar med lokale tiltak og arrangement. Les meir her.

Lokal feiring

Stord kommune markerer grunnlovsjubileet med "Demokratidagen" den 22. mai i Stord rådhus. Feiringa vert ein open dag i rådhuset med diverse program for publikum, som vert avslutta med kommunestyremøte. I år er det dessutan 50 år sidan Stord rådhus stod ferdigbygd ved torget i Leirvik sentrum. Likevel om den offisielle opninga ikkje før 22. mai 1965, vert også rådhuset sin 50-årsdag markert den 22. mai i år.

Under jubileumsåret er Stord kommune medarrangør eller sponsor av ulike prosjekt eller arrangement som markerer grunnlovsjubileet. Under finn du ein oversikt over ulike arrangement både på Stord og i Sunnhordland som knyt an til grunnlovsmarkeringa.

Jubileumskalender:

Februar

8. februar: Opning av utstillinga "Den lengste reisen" i Stord kulturhus. Ei vandreutstilling som omhandlar kongefamilien sitt lange og ufrivillige utanlandsopphald under 2. verdskrigen. Tid og stad: 8. februar – 8. mars i Stord kulturhus.

Mars

18. mars: Det årlege arrangementet «Barnehagedagen» markerer grunnlovsjubileet med "Demokratidag i barnehagen" på Sunnhordland museum. Dagen vert markert på ulike måtar i barnehagane i Stord.

20. mars: Riksteateret vitjar Stord kulturhus med framsyninga "Folkestyret 2014" om historier frå Noreg i dag. Tid og stad: Torsdag 20. mars i Stord kulturhus.

30. mars: Huglo bygdekvinnelag arrangerer "Søndagskafé" for å markere grunnlovsjubileet. Tid og stad: Søndag 30. mars i ungdomshuset på Huglo.

April:

14. april: Sunnhordland folkehelseforum arrangerer fagdag med tema "Barn og unge sin medverknad i utvikling av samfunnet". Tid og stad: Tysdag 8. april klokka 10.00-15.00 på Stord hotell.

Mai

8. mai: Frigjeringsdagen 8. mai markerer også den nasjonale Veterandagen. Markering for å heidre alle veteraner frå 2. verdskrigen og fram til i dag, med spesielt fokus på veteranar frå internasjonale FN- og NATO-leia oppdrag. Norske Reservoffisers forbund (NROF) avdeling Sunnhordland inviterer til markering av Frigjeringsdagen og Veterandagen med nedlegging av krans på Krigsminnesmerket ved Stord kyrkje klokka 17.00.

17. mai: Sjølve dagen for grunnlovsfeiringa vert markert med ulike arrangement i kommunen den 17 . mai. Det vert blant anna høgtidsgudsteneste i Stord kyrkje, utstilling av faner på Sunnhordland museum, matiné i kulturhuset og offisiell markering i parken.

21. mai: Stord sokneråd arrangerer foredrag ved Edvard Hoem i samband med Grunnlovsjubileet 1814-2014. Tid og stad: Onsdag 21. mai klokka 19.00 i Stord kyrkje.

22. mai: "Demokratidagen" i Stord rådhus. Ope hus i rådhuset og diverse program som vert avslutta med kommunestyremøte. Tid og stad: Torsdag 22. mai frå klokka 10.00 i Stord rådhus.

Juni

7-9. juni: I pinsehelga feirar Bømlo kommune grunnlovsjubileet med eit arrangement i Moster Amfi som samtidig markerer at den kristne trua kom til Noreg offisielt gjennom at Kristkongane kom til Moster, og at Kristenretten vart sett opp her.

Lørdag 7. juni vert det fellesmarkering av grunnlovsjubileet for kommunane i Sunnhordland. Markeringa finn stad i Moster Amfi på Bømlo og hovudsamlinga er klokka 15.00. Her tek leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, ordførar Kjetil Hestad, del. Dertil vil Kjell Magne Bondevik, tidlegare statsminister samt grunnleggjar og leiar av Oslosenteret for fred og menneskerettar, halda foredrag med tema "Menneskeverd, menneskerettar og demokrati". Utdeling av "Tora Mostrastongprisen" for 2014.

Oktober

31. oktober: Høgskulen Stord/Haugesund markerer jubileumsåret. Høgskulen markerer jubileumsåret med ulike arrangement gjennom heile året. Forutan grunnlovsmarkeringa feirar Høgskulen at det er 20 år sidan HSH blei skipa, samt at høgskulen har drive med lærarutdanning i 175 år. Sjå høgskulen sine nettsider for meir informasjon.

Sjå Sunnhordland museum sine heimesider for informasjon om arrangement i høve grunnlovsjubileet.