Jubileumsskriftet skal gjennom skrift og bilete både framstilla og reflektera over utviklinga av byen desse 25 åra, og korleis byen vil utvikla seg dei neste 25 åra.

Arbeidet med jubileumsskriftet byrja i august 2022. Redaksjonsnemnda som hadde ansvar for prosessen hadde følgjande medlemmer:

  • Magne Rommetveit, tidlegare ordførar, han var blant anna med på prosessen når Stord vart by
  • Jane Jünger, marknadssjef hjå Wartsila og tidlegare leiar på Sunnhordland museum 
  • Trond Haga, tilsett i Aker Solutions og er i tillegg historikar og forskar
  • Magne Bjelland, tidlegare tilsett hjå Aker Solutions og politikar, har innlegg i Stordsoga og sit i styret i Stord Maritime Museum

I tillegg har kulturrådgjevar Runa Nordahl koordinator for nemnda. 

Eg håpar dette skriftet kan vere noko innbyggjarane kan snakka om, og bli litt meir bevisste. Kva er Stord som by, kva identitet har byen og kva identitet vil me at byen skal ta, seier Runa Nordahl.

Det er Svein Olav Langåker som har skrive skriftet. Hans arbeid starta i desember 2022. 

Dette har vert veldig kjekt arbeid. Eg har jo skrive om Stord før og jobba som journalist lenge, men har likevel lært noko nytt. Eg har intervjua mange stordabuarar så det er mange gode historar i boka. Eg har og sett på tall. Som for eksempel er det ingen andre byar på 1900-talet som har vokst så mykje som Stord, i prosent. Sånn sett er det rart at ikkje Stord har blitt by tidlegare, seier Langåker.

Magne Rommetveit, som var ordførar då Stord vart by, seier seg eining med Langåker i dette. 

Eg var jo ein av initiativtakarane for at Stord skulle få bystatus. Tida var nok moden. Det var slutt på at heradskommunar og bykommunar hadde ulike privilegiar. Likevel hang det igjen noko hjå statens vegvesen med at bynære strok ikkje skulle ha meir ein 1 time frekvens mellom ferjeavgangane, og her gjekk ferja annkvar time, så då måtte statens vegvesen setja inn 2 ferjer. Det har skjedd utruleg mykje på Stord, både i industrien, næringslivet og restaurantbransjen, seier Rommetveit.

Næringslivet var i 1997 med på å løfta byspørsmålet, og fleire av dei lokale bedriftene har støtta utgjevinga, slik at boka kunne bli distribuert til alle innbyggjarane. I boka får du innblikk i grunnane til at Stord blei by, og debatten kring dette. I tillegg til det historiske bakteppet, er det eitt kapittel om korleis byen har utvikla seg etter 1997 – og eitt om korleis han vil utvikla seg i framtida. 

Nemnda vil takka alle som har bidratt til at dette har blitt eit så fint skrift.  

Kos deg med boka!