Palmer flytta til Stord som 18-åring, rykande fersk frå vidaregåande, hausten 1999. På Stord tok ho lærarutdanning og er no utdanna adjunkt med tilleggsutdanning, inkludert rektorskulen. 

Eg byrja å jobba på Leirvik skule vinteren 2007, jobba der eit halvt år, før eg fekk tilbod om stilling på Litlabø skule. Her har eg jobba i snart 16 år, både som faglærar, kontaktlærar, teamleiar, assisterande rektor og dei siste fire åra som rektor og koordinator for Vikarpoolen i kommunen, seier Palmer.

Kesia Tabita Sowerby Palmer er ifrå Masfjorden og er halvt engelsk. Planen hennar var å flytte heim igjen når ho var ferdig utdanna, men ho treivst så godt og blei på Stord. No meinar ho det er på tide å flytta på seg, men berre i jobben.

Når ein har jobba så lenge på same arbeidsplass, meiner eg det kan vere sunt å flytta litt på seg, koma seg ut av komfortsona, noko eg no skal. Eg trivast godt i rektorrolla, og gler meg skikkeleg til å helse på og bli kjend med alle elevar og tilsette på Leirvik skule. Eg trur det vil bli ein stor overgang å gå frå ein liten skule som Litlabø skule er, og til Leirvik skule med sine 350 elevar, men gler meg absolutt til å byrja i rektorstillinga på Leirvik skule 1. august.

Me ønskjer ho lykke til i ny stilling hjå oss.