Varaordførar Øyvind Kyvik opna markeringa.

Det skal vere trygt og godt å veksa opp i kommunane våre. I dag skal me få høyre om ei ny og viktig satsing i barnevernet, multisystemisk terapi for familiar med vald og alvorleg omsorgssvikt. Det nye teamet skal tilby intensiv og heilskapleg behandling med mål om å skapa trygge og utviklingsfremjande oppvekstvilkår for borna. I salen her i dag er det samla mykje kompetanse. Sjølv om me har ulike arbeidsoppgåver, har me eit felles mål om å sikra at barn og unge har gode oppvekstvilkår. Når me investerer i barn og unge, investerer me i framtidige generasjonar. Eg vil takka dykk alle som har møtt opp her i dag og ynskje teamet lykke til, sa varaordføraren.

MST-CAN (multisystemic therapy – child abuse and neglect) er eit evidensbasert behandlingstiltak for familiar med pågåande vald og/eller annan alvorleg omsorgssvikt mot barn. 

Sommaren 2023 starta barnevernstenesta vår, saman med barneverntenestene i Haugesund og Utsira, og Karmøy og Bokn, å etablera eitt MST-CAN team. Teamet består av 7 tilsette; leiar, 4 terapeutar, miljøterapeut og merkantil, og satsar på å vere klar til drift i slutten av februar. 

Terapeutane skal jobba direkte inn mot familiane, mens den merkantile har ein støttefunksjon og skal blant anna henta inn tilbakemeldingar frå familiane på ein systematisk måte, slik at terapautane kan undersøkja om hjelpa dei gir har den effekten dei ønskjer. 

Teamet skal møta familiane i heimane sine fleire gonger i veka. Kvar terapeut skal arbeida med nokre få familiar om gongen, og teamet er tilgjengeleg for familiane 24 timar i døgnet, 7 dagar i veka.

Stolt over satsinga. 

Dette er ei stor satsing i barnevernet og me er veldig stolt av å no kunna tilby dette behandlingstilbodet som eit supplement til eksisterande hjelpetiltak. Me har tru på at det å gå saman om å etablere eit viktig tilbod på tvers av barneverntenester kan føra med seg positive effektar med hensyn til samarbeid, kunnskapsdeling og erfaringsutveksling, også utover dette spesifikke tiltaket, seier Gunborg Irene Spissøy Kyvik. 

På markeringa var det også innlegg frå Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU), MST UK og Irland, MST-CAN Bærum, og Bufdir.

Om MST-CAN

I Noreg har det kommunale barnevernet ansvar for å følgje opp familiar der det førekjem vald og/eller omsorgssvikt. Dersom hjelpetiltak i barnevernet ikkje bidrar til å skapa ein tilfredsstillande omsorgssituasjon, er alternativet at barna vert plassert utanfor heimen. Barnevernstenesta vurderer at fleire av plasseringane utanfor heimen kunne vert unngått dersom ein hadde hatt tilgang til eit meir omfattande hjelpetiltak.

Målet med MST-CAN er å halde familiane saman, sørge for at barna er trygge, førebygge nye episodar av vald og omsorgssvikt, redusera psykiske helseplager hos familiemedlemmene og betra familien sitt eksisterande sosiale nettverk for å gjera endringa berekraftig over tid. Intervensjonar frå MST-CAN er skreddarsydd for å møta barna sine utviklingsbehov.

I haust starta MST-CAN Vestfold opp, så MST-CAN Sør-Vest er det tredje teamet i Norge som vert etablert. Eit team i Rogaland (Stavanger, Randaberg, Sola og Sandnes) planlegger oppstart hausten -24/våren -25. 

Sunnhordland interkommunale barnevern fekk innvilga prosjektmidlar frå Statsforvaltaren i 2021 til prosjekt for etablering av tiltaket. Det vart vidare innvilga midlar som oppfølging i prosjektet også i 2022 og 2023. I 2024 vert tilbodet implementert i drifta.