For vel eit år sidan vart Sunnhordland Interkommunale Innkjøpsforum v/Stord kommune klaga inn for klagenemnda for offentlege anskaffelsar.

Klagen var vedk. innkjøp av kopimaskinar til kommunane i regionen og Hordaland fylke og framsett av tilbydar som ikkje fekk kontrakt.

Klagen er no ferdighandsama i klageorganet og konklusjon førelegg. Klageorganet har gjeve kommunen medhald på dei fleste punkt med unntak av at det kunne vore gjeve betre grunngjeving  for val av leverandør.

Klagars øvrige påstandar  om brot på regelverk førte ikkje fram.

Les heile svaret frå klagenemnda her