Mange av oss såg eit interessant og mykje aktuelt program på NRK1 tysdag kveld. Forbrukerinspektørene nytta heile programmet til å sette fokus på drikkevasskvaliteten rundt om i kommunane.

Stord kommune var ein av dei fyrste kommunane i Noreg (om ikkje fyrste) som fekk montert UV filter. UV filteret som blir nytta i dag held dei høgaste krava. I tillegg nyttar ein 20 stk. Dynasand filter (store sandfilter) som ein barriere. Grunna desse to barrierane er drikkevatnet som blir produsert av SVA av god kvalitet og er trygt å drikke!

Vidare blir det tatt faste vassprøvar ute i nettet. Intervall og punkt for desse prøvetakingane blir sett opp av SVA og godkjent av Mattilsynet. SVA har eit godt og konstruktivt samarbeid med det lokale Mattilsynet på Stord.

Problematikken med gamle røyr er også ei stor utfordring for SVA, og vil nok vere ei av dei store kontinuerlege utfordringane i all framtid.

Norsk Vann, som er SVA sin bransjeorganisasjon meiner at programmet som blei vist var litt feil vinkla. Av den grunn har Norsk Vann kome ut med ei pressemelding. Link til heimesida og pressemeldinga ligg ved.

Link til pressemelding: http://www.norskvann.no/id_66759

NRK! sitt program kan til orientering lastast ned her:
http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/666804/

Sivert Haaland
Stord vatn og avlaup KF
Dagleg leiar