Juryen beståande av ordførar Liv Kari Eskeland, lektor og språkspaltist Kari Lønning Aarø, administrerande direktør Steinar Røgenes, leiar i Verkstadklubben Amram Hadida og leiar av Historiegruppa Leif Nilsen har valt at kranen skal få namnet «Storen».

Kværner Stord opplys i ei pressemelding at juryen ynskte å finne eit namn med lokal tilknyting. I grunngjevinga for namnvalet skriv juryen at den nye kranen er ein ruvande konstruksjon og langt større enn den gamle, og at det difor var naturleg å finna eit namn som samsvara med storleiken på kranen.

Kværner inviterte på forsommaren tilsette og lokalsamfunn til å gje innspel til namn på kranen. Ein jury fekk i oppgåve å vurdera dei ulike forslaga. Det kom inn meir enn 2500 namnforslag, og av desse var det om lag 1000 ulike forslag. Dei mest populære var Goliat, Herkules, David, Hulken, Atlas, Kraken, Samson, Storen og andre variantar med Stord/Stor i namnet.

Kværner har investert 350 millionar kroner i kranen som skal rusta verksemda for dei komande tiåra.

Kranen vil bli innvigd onsdag 27. november på verftet samt i ei markering i Kulturhuset på kvelden.