22 lærlingar er no blitt fagarbeidarar innan tømrarfaget, feiarfaget barne- og ungdomsarbeidarfaget, helsearbeidarfaget, kontor- og administrasjonsfaget og IKT-servicefaget.

Fagbreva vart utdelt onsdag 6. november på rådhuset av ordførar Liv Kari Eskeland og rådmann Magnus Mjør. Både ordførar og rådmann holdt tale til dei lovande fagarbeidarane. Rådmannen presiserte kor viktig yrkesopplæringa er for samfunnet.

- Me får meir att enn me yter, fordi lærlingane stiller spørsmål og er kreative, sa han i talen sin.

Fagopplæringskontoret ved Signe Ekeland holdt også tale. Ho lyfta blant anna opp verdien av å ha fagbrev.

- Eit fagbrev heng høgt, og er eit godt grunnlag for framtida, sa Ekeland i talen sin til fagarbeidarane.

I fast jobb

Fleire av dei ferske fagarbeidarane har fått seg fast jobb. Cecilie Tveit Mehammer er no helsefagarbeidar og har jobba på sjukeheimen, Saghaugen og heimebaserte tenester i opplæringstida. Ho synes det har vore kjekt å vera lærling i kommunen, og har fått fast jobb kvar tredje helg som helsefagarbeidar.

Stine Helland Koløen fekk fagbrev i barne- og ungdomsfaget. Ho har jobba i Sagvåg og Litlabø barnehage og på Tjødnalio skule. Ho skryt av arbeidsplassane og opplæringa.

- Eg har fått vikariat som pedagogisk leiar på dispensasjon i Fjellheim friluftsbarnehage på Fitjar, fortel Helland Koløen, som etter vikariatet har fast jobb som fagarbeidar i barnehagen. 

Siv Nesse, som er koordinator for lærlingane i kommunen, sto for arrangementet. Pernille Førland Hatlevik og Kristoffer Larsen, som begge er elevar ved Kulturskulen, sang og spela gitar.

Bilete på topp: 
Framme frå venstre: ordførar Liv Kari Eskeland, Stine Helland Koløen, Tone Westerheim, Beate Tufteland, Susanne Hjelland, Teresa Grillo, Karoline Steinsvåg og rådmann Magnus Mjør.
Bak frå venstre: Cecilie Tveit Mehammer, Marius Vinsjevik Rogne, Malene Auestad, Helene Helland, Hanne Toft, Hanne Dahl, Renate Risnes og Benedicte Jensen.

Sjå stort bilete av fagarbeidarane.

Hege Lid Almås, Kjell Sverre Riise, Martin Helland Larsen, Jan Henrik Kyvik, Thor Egil Ottesen, Ingebjørg Valen, Anne Kristin Lunde og Natalie Lønning var ikkje til stades under fagbrevutdelinga.