Martin Vik og Hans Petter Almås- Hans Petter Almås og Martin Vik kjem til å fungere som MOT-informatørar i Fitjar dette skuleåret. Dei skal vera med å implementere MOT-programmet i Fitjar og har ansvar for møte med elevar, lærarar og føresette, fortel John Karsten Raunholm, skule- og oppvekstsjef i Fitjar kommune.

- Me er allereie kome i gang, og har vitja 8. og 9. klasse nokre fredagar. Neste vitjing vert etter haustferien, fortel Hans Petter Almås.

Skal utdanne eigne informatørar

På sikt skal Fitjar kommune likevel utdanne eigne lokale informatørar.

- Me ser det som ei god midlertidig løysing å få inn to røynde personar. Eg har dessutan god kjennskap til jobben dei har gjort med MOT i Stord frå tida mi som rektor ved Stord ungdomsskule, seier Raunholm.

Signeringa i Fitjar kommune skjer offisielt med ordførar Wenche Tislevoll, skule- og oppvekstsjef John Karsten Raunholm, rektor Bjørn Haaland frå Rimbareid skule (MOT-koordinator) og leiar i utval for oppvekst og omsorg Toralv Røen, samt regionleiar for Sør og Vest MOT, Martin Aas, til stades.

Bilete i artikkel frå venstre: Martin Vik og Hans Petter Almås (foto: Nina Sørli).