Madelaine Agdestein Børtveit er utdanna jurist med vidareutdanning innafor autonomi og tvang i helse og sosialsektoren og arbeidsretten. Masteroppgåva hennar omhandla politi- og strafferetten. 

Etter at eg vart ferdigutdanna jurist har eg tatt advokatbevillinga og har arbeida som advokat innafor mange ulike rettsområde og prosedert saker i nemd, tingrett og lagmannsrett. Eg har også arbeida i forvaltninga. I starten var det i førstelinjetenesta i barnevernet som sakshandsamar, deretter som fagleiar og sist som einingsleiar. Eg har også ei vidareutdanning innafor rettleiing, seier Børtveit.

Ho har tre år leiarerfaring i frå barnevernet og kjem no frå Austevoll etter å ha hatt dei siste åra der

Eg søkte på denne jobben fordi den verka svært interessant og spanande. Den såg ut til å inneha både nye utfordringar og moglegheitar som kunne passa fint for meg med mi utdanning og yrkesbakgrunn. Det eg tenker eg vil trivast med som einingsleiar er alle arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga. Det å ha personal, økonomi og budsjettansvar m.m. synest eg er svært givande, seier Børtveit.

I tillegg til nye oppgåver er det også nye kollegaer og avdelingar å bli kjend med. 

Først og fremst ser eg fram til å verta kjend med dei ulike avdelingane og dei tilsette som jobbar der. Dei tilsette er den viktigaste ressursen ein arbeidsplass har. Eg ser også fram til å vera ein aktiv bidragsytar til å både handtera utfordringar, arbeida for nye målsettingar og vidareutvikla tenesta saman med dyktige fagpersonar som er tilsett i eininga. Vidare ser eg fram til å læra enda meir om brukargruppa og tilboda me har til innbyggjarane vår i kommunen. Det er veldig fint at politikarane bestemte seg for å behalda lavterskel helsestasjon og hamna kontaktsenter, trass nedskjeringar i kommunen. Elles så vil eg ha fokus på samarbeid med dei andre einingane, slik at me i fellesskap kan gje innbyggjarane våre gode tenester, fortsett Børtveit.

Føler seg takksam.

Eg er takksam for at eg fekk denne moglegheiten i heimkommunen min, og eg gler meg til å ta fatt på oppgåvene som ventar meg i Stord kommune.  

Me ønskjer ho velkomen til oss.