• Funksjonane symjehall, kunsthall og administrasjon kan flyttast ut av kulturhuset.
  • Foajé og vestibyle bør bevarast
  • Biblioteket må synleggjerast meir og opnast opp, helst flyttast ned i foajeen. Bokkafé
  • Aktiviteten nede i kjellaren må flyttast opp. Kjellaren kan heller nyttast til møterom og lagringsplass.
  • Glasfasaden bør bevarast, men yttervegg mot Amfi og baksida bør gjerast noko med. 
  • Huset bør opnast opp på baksida for skuleungdom som kjem ned gangvegen frå Vikahaugane
  • Parkering under bakken
  • Funksjonane kino, konsertlokale, teatersal og bibliotek er hjarta i kulturhuset og bør vera der
  • Bygget bør eigast og drivast av kommunen for å sikra et mangfaldig tilbod.
  • Kulturskulen bør få større plass og betre eigna lokale. Nokre føreslo å flytta funksjonen opp til Vikahaugane. 
  • Nytt Kulturhus der ungdomsskulen ligg. 
  • Bør ha ein funksjon i Kulturhuset for samfunnsdebatt tilsvarande "Litteraturhuset" i Oslo
  • Nytt konserthus på Vikahaugane
  • Funksjonar og utstyr må oppgraderast med omsyn til dagens og framtidig teknologi. Her vart nemnt 3-D funksjon i kinosalen, hodetelefonar ved kvart sete, lyd og lysanlegg til å kunna visa komplette framsyningar frå Riksteatret m.m.
  • Leggja betre til rette for brukargruppa 13-19 år.
  • Restaurant i kulturhuset
  • Kommunestyresalen til kulturhuset
  • Manglar stor aukustisk konsertsal som kan ta imot store oppsetjingar
  • Treng fleire mindre øvingslokale for fleirbruk. Gjerne 3-4 mindre kinosalar. 
  • Større konsertlokale slik ein ein kan ta imot t.d store rocke-band
  • Parkanlegget framfor huset bør bevarast
  • Dansesal og "black-box"-sal.
  • Større og meir tigjengeleg utstillingsrom for visuell kunst
  • Utvida Kulturhuset ved å bygga på fleire etasjar

Engasjer deg i debatten du og!

    Facebook-logo

    Diskutér kulturhuset si framtid på Facebook


    Lyspære

    Har du ein god idé? Meld han til prosjektleiar her 

     

    Tilbake til idédugnad for kulturhuset