Sidan 2015 har førebyggjande heimebesøk teamet vore på besøk hos friske seniorar. Dette ynskja dei å halda fram med, men denne gongen med ein ny vri. Det var difor felles samling i kulturhuset. 

Førebyggjande heimebesøk består av eit team av representant frå brann, helse, og ergoterapitenesta i Stord kommune. Målet var å ha fokus på kva endringar ein kan gjera for å møta alderdommen på ein best mogleg måte. Det kan til dømes vera råd knytt til bustad. 

Dette var eit veldig nyttig møte. Me har fått gode tilbakemeldingar og følte me fekk nådd ut med budskapet vårt. Me i førebyggjande heimebesøk teamet var spente på korleis dagen ville bli og kor mange som tok turen. Det var første gongen me gjennomførte eit slikt møte. Nærare 50 personar kom og det var veldig kjekt, seier Hildegunn Gram. 

Dei frammøtte fekk i tillegg informasjon om kva kommunen kan tilby og kva aktivitetar som finnes i Stord kommune, samt vist ulike hjelpemiddel.

Dersom du eller nokon du kjenner ikkje hadde høve til å delta i dag, men ønskjer eit heimebesøk, er det bare å ta kontakt.

Les meir om førebyggjande heimebesøk her