Innflyttartreffet baud på eit variert program. Dei oppmøtte fekk innleiingsvis moglegheit å stifte kjennskap med bedriftar, lag og foreiningar i foajeen. Programmet fortsatte deretter inne i kinosalen med blant anna film, dans, prisutdeling og presentasjon om Stord. 

- Målet med arrangementet var å visa at Stordsamfunnet ynskjer våre nye innbyggjarar varmt velkomen. Samstundes viser oppmøtet at ein på ingen måte står aleine som nyinnflytta på Stord, og det er mange, både innan næringsliv og innan organisasjonslivet, som ynskjer å presentera seg for potensielle arbeidstakarar og nye medlemmer, seier ordførar Liv Kari Eskeland.

Kinosal- Trivelege folk

Familien Desucatan frå Filippinane gledde seg spesielt til å høyra ordføraren sin presentasjon.

- Me er her fordi arrangemenget høyres interessant ut, og fordi me ynskjer å få med oss presentasjonen om Stord som ordføraren skal halde, sa Elsie Desucatan før programmet starta på scena.

Familien Desucatan flytta til Stord i 2008, og er allereie godt integrerte. Både Elsie og mannen Ruel jobbar på Kværner Stord, og borna går i skule og barnehage i kommunen. Familien har mykje positivt å seia om den nye heimkommunen sin.

- Stord er ein roleg plass med reint miljø, frisk luft og fin natur. Menneska som bur her er trivelege, og dette er ein fin plass for borna og vekse opp på.

Engasjert tilflyttar vann premie

Konferansier for kvelden var Magne Kydland, ansvarleg redaktør i Sunnhordland. Før innflyttartreffet arrangerte avisa ei skrivekonkurranse, der innflyttarar vart oppmoda å skriva om sitt fyrste møte med Stord. Fleire bidrag kom inn, og vinnaren vart tilflyttar Hanne Førsund Larsen.Magne Kydland, Odd Naustdal og Liv Kari Eskeland

- Under den korte tida som innflyttaren har budd på øya har ho og familien allereie gjort seg godt kjent med dei nye omgjevnadane sine både når det gjeld naturen, aktivitetar i lokalsamfunnet og folket. Innflyttaren deltek aktivt i fleire lag og foreiningar, og visar tydeleg at ho set pris på bli kjent med den nye heimkommunen sin og med dei som bur her, las Kydland frå grunngjevinga til juryen.

Årleg arrangement

I tillegg vart det trekking av "Tilflyttargåva" blant dei i publikum som har flytta til Stord i løpet av åra 2012 og 2013. Trekkinga stod kommunikasjonssjef i Kværner, Odd Naustdal, og ordførar Liv Kari Eskeland for. Den heldige vinnaren av gåvekortet på 10 000 kroner vart anestesilege Gabor Borgulya frå Nederland, som flytta til Stord i juni i 2012.

Kvelden vart avslutta med gratis framsyning av filmen "Jul i Flåklypa".

- Eg er svært glad for at så mange tok turen, og det vil vera naturleg at me tek mål av oss til å få dette som eit årleg arrangement, oppsummerer ordføraren.

 Kulturskulen sitt danseensemble

Bilete på topp:  Bakre rad: Neriza Despi og Mitze Loney Desucatan. Fremre rad frå venstre familien Desucatan: Rui (8), Angelo (11), Elsie, Bea (10), Ruel og Dianne (3).

Bilete i tekst:

1. Publikum på plass før programmet starta i kinosalen.

2. Trekking av "Tilflyttargåva". Frå venstre konferansier Magne Kydland, ansvarleg redaktør i Sunnhordland, kommunikasjonssjef for Kværner Stord, Odd Naustdal og ordførar Liv Kari Eskeland.

3. Framsyning med kulturskulen sitt danseensemble.