Einsam fritid

Halleland hadde budd på Stord i fleire år før han bestemde seg for å flytta på seg. Turen gjekk først innom Haugesund, før eit jobbtilbod i Stavanger fekk han til å flytta enda lenger sør på vestlandskysten. På plass i den nye heimkommunen sin vart Halleland overraska over korleis den nye kvardagen såg ut.

- Eg var på jobb, men kvidde meg ihel til å gå heim fordi eg visste at det var ein tom leilegheit som venta på meg. På fritida var eg åleine nitti prosent av tida, fortel stordabuen.

Halleland valde difor å prøva på fleire ulike idrettsaktivitetar med eit håp om å bli kjent med nye vener gjennom idretten.

- Eg var med på fotballtrening, men dei som spelte på laget kjente kvarandre frå før, og var ikkje særleg interesserte i å bli kjent med meg. Eg oppsøkte innebandymiljøet, men følte at eg berre vart ståande åleine i femten longe minuttar på sidelinja. Det enda med at eg følte meg som ein idiot som stod der åleine, så eg gjekk heim og tenkte for meg sjølv at ein ikkje får vener av slikt.

Fekk enorm respons

Eitt par år gjekk før Halleland kom på ideen med å starta ein venneklubb. Han tok kontakt med ein lokalavis i Stavanger for å få publisitet rundt ideen sin, og det viste seg raskt at behovet for eit slikt konsept var stort.

- Eg gjekk til avisa og sa at eg var åleine og ville oppretta ein venneklubb. Avisa publiserte ein artikkel på nettet med e-postadressa mi. Ein time seinare hadde femti nye e-postar tikka inn i innboksen min. Dette var frå folk i alle aldrar som uttrykte eit ønske å vera med i ein slik klubb. Etter at same avis publiserte ein artikkel i papirutgåva tre dagar seinare fekk eg over hundre nye e-postar, fortel gründeren.

Mogleg å kome ut av einsamheita

Responsen fekk Halleland til å tenkje at det nok ikkje berre er i Stavanger folk er einsame og trengjer vener, så han oppretta nye venneklubbar i tolv andre byar, og den gamle heimkommunen Stord var blant desse. I august 2012 vart Venneklubben Stord starta, og i dag har klubben over hundre medlemar frå Stord, Fitjar og Bømlo. Medlemane held kontakt gjennom Facebook, og det er stadig plass til fleire medlemar i alle aldrar.

- Eg ønskjer at folk skal veta at det er mogleg å kome ut av einsamheita, og at det finst eit tilbod for dei som ønskjer dette, seier han.

Les meir om Venneklubben Stord her.
Facebookgruppa til Venneklubben Stord finn du her.

Bilete på topp: Venneklubben i Sandnes, frå venstre: Kristine Grinde Kristensen, Nicolai Rygh, Ståle Notvik, Steinar Halleland, Fredrik Mostein Johannessen og Trine Johansen. (Foto: Privat).