Fleire interesserte var kome for å delta i opningsmarkeringa som Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen saman med born frå FUS barnehage.Hordaland fylkeskommune og Stord kommune i fellesskap stod for. Ordførar Liv Kari Eskeland orienterte om prosjektet, mens Sagvåg Maritime FUS barnehage stod for det kulturelle innslaget. Etter at fylkesordførar Tom-Christer Nilsen saman med to av borna frå barnehagen hadde føreteke den offisielle opninga, vart det servert kaffi og kaker.

Meir trafikksikker veg

Opprustinga som er gjort på Fv 70 Jensanesvegen, er gjennomført i to delprosjekt. Først vart strekninga frå kryss ved Seglneset til sørom krysset mellom Vikanesvegen og Jensanesvegen opprusta. Denne strekninga er på cirka 500 meter. Opprustinga heldt fram frå dette krysset og eit stykke forbi Vikaneskleivo. Dette andre delprosjektet var på om lag 750 meter.

Opprustinga er gjort både for å få ein meir trafikksikker veg og for at Stord kommune skulle kunna gå vidare med utbygging og regulering av bustader i dette området. Arbeid med sanering av leidningsnettet for indre Sagvåg har kommunen utført samstundes som ein del av prosjektet.

Kommunen har vore byggherre

Stord kommune har etter avtale med Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen vore byggherre for heile utbygginga. Kostnadsramma for vegopprustinga er på om lag 36 millioner kroner. Av denne summen har Hordaland fylkeskommune løyvd om lag 21 millioner kroner, fordelt med 10,3 millioner kroner i 2010 og 10,6 millioner kroner i 2011.

Fylkestinget godkjente i desember 2008 at Stord kommune fekk løyve til å forskottera inntil 15 millioner kroner til opprustinga av vegen. Denne summen skal fylkeskommunen betala attende til kommunen. Tidspunkt for tilbakebetalinga er ikkje endeleg fastsett, men etter gjeldande økonomiplan vert det først etter 2017.

Kake

Bilete på topp:
Sagvåg Maritime FUS barnehage opptrer med song.

Bilete i tekst:
Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen saman med born frå Sagvåg Maritime FUS barnehage.