Ordførar Gaute Straume Epland var innom filialen førre veke. Han fekk opplæring i korleis ein bruker kortlesaren, og opna i same stund offisielt tilbodet for ålmenta.

Med meirope får lånarar som har inngått avtale med biblioteket, låsa seg inn i biblioteket utanom betjent opningstid i visse tidsrom. Brukarane av ordninga må vera over 18 år og ha lånekort. 

For å få tilgong, må du koma innom biblioteket anten på Vikjo eller på Nysæter, og få hjelp frå bibliotekaren i skranken. Dei som allereie har meirope-tilgang på hovudbiblioteket, kan òg bruka kortet sitt på Nysæter.

 

Biletet syner kortlesaren på Nysæter
Kortlesaren gjev lånarane tilgong til Nysæter filial utanom betjent opningstid.
  • Nye opningstider Nysæter
    VekedagBetjente opningstiderTilgang med lånekort
    Måndag Stengt15.00 – 20.00
    Tysdag12-1818.00 – 20.00
    OnsdagStengt 15.00 – 20.00 
    Torsdag12-1616.00 – 20.00
    Fredag Stengt 15.00 – 20.00