– Menykjeda satsar på miljø, og no har alle menybutikkane i landet fått Miljøfyrtårnsertifisering, kan butikksjef Marita Andersen fortelja.

Ho oppmodar fleire daglegvarebutikkar på Stord til å bli Miljøfyrtårn.

– Hos oss er det to tilsette som har jobba med dette prosjektet. Det tek litt tid, men det er veldig kjekt. Det er heller ikkje vanskeleg å få til, slår Andersen fast.

Fokus på mange område

Andersen fortel at sertifiseringa inneber at ein må ha fokus på fleire område. Ho nemner mellom anna energisparing, søppelsortering og særleg bioavfall, motivering til fysisk aktivitet blant dei tilsette, og merking av varer.

– Me har økologiske alternativ innan alle varegrupper, og per i dag 110 svanemerka varer. Me har også som mål å få på plass eit fairtrade-alternativ innan alle varegruppene, forklarar butikksjefen.

Må jobba kontinuerleg

Sjølv om butikken no er godkjent Miljøfyrtårn-verksemd, er dei ikkje ferdige med å jobba med dette prosjektet. Rapportar må leverast både til Meny sentralt og til Grønn Hverdag. Det føreligg også planar om å spara meir straum både når det gjeld lys og frysediskar.

Ordførar Liv Kari Eskeland synest det er stas at Stord kommune har så mange miljøfyrtårnverksemder.

– Det handlar om å ta eit eit bevisst val, seier ordføraren.

Dei to tilsette som har jobba med prosjektet på Meny Leirvik er Mette Haldorsen og Monika Aakvik.

Miljøfyrtårnverksemder i Stord kommune (pr. 15/3-2012)

  • Høgskolen Stord/Haugesund, Stord
  • Meny Leirvik
  • Princess Heiane
  • Princess Stord
  • Sektor Heiane Drift AS
  • Stord Folkebibliotek
  • Stord vidaregåande skule
  • Stord/Fitjar Tannklinikkområde

Bildet: Butikksjef Marita Andersen får overrekt plaketten av Ordførar Liv Kari Eskeland.  

Les meir om sertifiseringsordninga på www.miljofyrtarn.no