Utdanningsmessa for Sunnhordland er ei årleg messe som Stord Rotary Klubb arrangerer for avgangselevane i ungdomsskule og elevar i videregåande skule og som er heimehøyrande i Sunnhordlandsregionen. Denne messa er den 32. i rekkja, melder Utdanningsmessa.no

Me er blant 62 utstillarar. Me har mange kjekke og flinke folk på stand som byr på informasjon, kvissar og fleire ting du kan prøva; som personheis og VR briller. Me ønskjer deg hjarteleg velkomen til ein prat.

Kommunen er ein stor organisasjon med varierte tenester og oppgåver innafor ulike fagområde. Som tilsett i kommunen har du derfor gode moglegheiter til personleg, fagleg og yrkesmessig utvikling. 

I år skal me ta inn 30 lærlingar, i følgjande fag:

  • Anleggsmaskinførar
  • Barne- og ungdomsarbeidar
  • Byggdriftar
  • Helsefagarbeidar
  • IT drift
  • Målar og overflateteknikk

Søk om å bli lærling | nav.no) Bli trainee hos oss Søk jobb hos oss - sjå kva stillingar me har ledig