Bilete av ordførar Liv Kari EskelandDet var trongt om plassen i barnehagen når innbedne gjester, born og tilsette i barnehagen var samla på det flotte uteområdet. Barnehagen var pynta med ballongar og stor krone på taket, og gjestene fekk servert både pølser og kake. Til stades var også ordførar Liv Kari Eskeland, som fekk æra og opne det nye uteområdet på ein passeleg, men litt utradisjonell måte.

- Dette er ein stor dag for både barnehagen og kommunen, og det er fint å sjå når nokon er pådrivar og verkeleg jobbar for å få noko til stand, sa Eskeland i talen sin før ho prøvesklidde den nye rutsjebana saman med to av borna frå barnehagen.

Har ekspandert

Øyremerka fond og innsats frå både kommunen og mange andre har vart med og realisert uteområdet med nye leikeapparat, rutsjebane, sykkelvegar med trafikkskilt og ein flott gapahuk.

Skogatufto barnehage opna i september 1973, og har sidan opninga ekspandert både i tal på born og i areal. I dag er det plass til 80 born i den kommunale barnehagen, som kan kalla seg fleirkulturell med heile 18 forskjellige nasjonalitetar representerte.