Når Teaterfestivalen blei arrangert for første gong på Stord, så låg A-ha inne med «Take On Me» på hitlistene og Gorbatsjov hadde nett kome til makta i Sovjetunionen. Heilt sidan 1985 har Teaterfestivalen vore ein fast samlingsstad for fleire generasjonar av unge skodespelarar.

I år kjem 200 ungdommar og barn frå Vestland og Rogaland til Stord kulturhus.

-Me som arrangerer gler oss veldig, seier festivalkoordinator Trond Leirvik Onarheim, frå Eining for kultur i Stord kommune.

-Det kjennest ut som koronapandemien endeleg slepp taket. I 2020 måtte me avlysa to veker før festivalen, og sidan har den berre blitt arrangert i ein miniversjon. No ser det ut til at alt snur, og festivalen blir større enn den var for fire år sidan. Den tekniske arrangøren Stord teaterlag er i full sving med å øva og laga lister til dei strålande frivillige som dei har med seg, og det er mange barn som venter spent på si første festivaloppleving nokosinne.

I løpet av helga blir det 13 opne framsyningar for publikum. Her blir det med anna gjensyn med Stord teaterlag sin barnemusikal Alice i Eventyrland, som gjekk for fulle hus tidlegare i vinter. Lokale Spinae Company stiller med to ulike grupper som skal visa fram teaterstykka Englekupp og Generasjon skoskei. Festivalen varar fram til søndag ettermiddag.

Foto: Øystein Nernes/Stord teaterlag. Frå framsyninga Alice i Eventyrland.