Stord Lufthamn har to brannbilar i beredskap. No vert den eine skifta ut.

– Å oppgradera den gamle i takt med at det kjem nye krav vart for dyrt. I staden har me vore heldige og fått tak i ein veldig avansert brannbil til ein rimeleg pris, fortel Myklebust.

Mykje bil for pengane

Den nye brannbilen har vore nytta som demobil av det svenske forsvaret, og er svær lite brukt. Prisen på 2,5 millionar kroner er under halvparten av prisen for ein heilt ny brannbil.

– Dette er mykje bil for pengane, konstaterer Rune Rosendahl frå Rosendahl A/S,som har levert bilen.

Rosendahl kan fortelja at det følgjer mykje ekstrautstyr med bilen. Han kan mellom anna betjenast av ein mann, har automatisk start av vasskanon, drift på alle seks hjul og vassdyser under bilen (ved brann på bakken).

– Det er nok ein av dei mest avanserte brannbilane på Vestlandet, trur Rosendahl.

Han legg til at det berre tek nokre få sekund å setja bilen i drift dersom ei ulukke skulle skje.

Opptil kategori seks

Den nye bilen stettar krava i brann- og redningskategori fire. DAT sine fly er i denne kategorien. Med sine to brannbilar vil lufthamna også kunna ta i mot fly som krev brann- og redningskategori fem og seks.

Den nye bilen vil også medverka til å styrkja brannberedskapen i kommunen.

Bilen er ein 2006-modell Volvo FM12 6X6 med 460 Hestekrefter. Kapasiteten er på 8000 liter vatn og 500 liter skum. Saman med den gamle brannbilen er kapasiteten det doble.