Lovise VestbøstadVestbøstad bur i Fitjar og har tidlegare jobba i Fitjar kommune med ansvar innanfor planbyggesaker. Ho ser på stillinga i Stord kommune som særs interessant.

- Stillinga som einingsleiar for RBO er nok den mest spennande jobben innanfor mitt arbeidsområde blant anna med tanke på at det er eit vidt fagfelt og at dette er den største kommunen i regionen, opplyser Vestbøstad.

Ho meinar også at det er ein fordel at ho har jobba som konsulent.

- Eg kjenner kommunane i regionen godt frå konsulentsida og ser fram til både å kunne betene innbyggarane og å forvalta eit lovverk, seier Vestbøstad. Ho tek til i stillinga 1. februar 2014.

Bilete: Lovise Vestbøstad (foto: Svein Andersland)