Miljøfyrtårn-logoMiljøfyrtårn er ei sertifiseringsordning drive av stiftinga Miljøfyrtårn. Ordninga er hovudsakleg berekna for små og mellomstore verksemder, der målet er at verksemdene skal drive lønsamt og miljøvenleg. Ordninga vert støtta og anbefalt av Miljøverndepartementet.  

For å verte godkjend som miljøfyrtårn har Princess Stord måtte dokumentere innsats på m.a. avfallshandtering, hms- system, energisparing og miljøvenlege produkt.  

Vil du vite meir?

Vil du vite meir om miljøfyrtårn, eller kanskje di verksemd ynskjer sertifisering? Sjå meir informasjon om miljøfyrtårn og sertifisering, eller kontakt kommunen sin miljøfyrtårnansvarleg Ingunn Varanes på inva@fitjar.kommune.no eller tlf. 902 14 256.