Bongom kjem opprinneleg frå Bergen, men har vore busett på Stord heilt sidan han tok til på lærarutdanninga her i 1983.

– Det skulle eigentleg berre vera ein rask tur innom. Men no har eg altså vore her i 27 år, reknar han.

I tillegg til utdanning som allmennlærar har Bongom faga kommunal leiing, IKT og psykologi.   

Etter endt utdanning arbeidde han eitt år i verna bustad. Sidan har han vore lærar både på ungdomsskulen og i barneskulen. Dei to siste åra har han vore tilsett som assisterande rektor ved Leirvik skule.

Mange flinke folk

Bongom ser på rektorjobben ved Leirvik skule som ei stor utfordring.   

– Eg vil ha fokus på læring. Elles er det jo ein godt fungerande skule med mange flinke folk eg overtek. Så det er snakk om å vidareføra mykje av det arbeidet me allereie gjer. Ei av utfordringane vert å få folk til å jobba med det dei er gode på, og til å utnytta dei sterke sidene sine. 

I følgje den nytilsette rektoren er Leirvik skule ein spennande internasjonal skule.

– Over 10 prosent av elevane ved skulen har eit anna morsmål enn norsk, og 12 ulike nasjonar er representert. Det byr på både utfordringar og muligheiter.

Leirvik skulen er allereie med i fleire internasjonale prosjekt. Det arbeidet har Bongom lyst til å halda fram med.

Bjarte Bongom overtek leiinga ved Leirvik skule 1. juli. Då går noverande rektor Claus Jünger av med pensjon.