Portrett av Trude Aamot.Trude Aamot har vore rektor ved Litlabø skule sidan hausten 2008. Då kom ho frå Nysæter ungdomsskule der ho har jobba både som lærar og undervisningsinspektør i mange år.

No tek  ho over sjefsstolen på den tidlegare arbeidsstaden sin.

– Eg kjem på mange måtar "heim att", men det vert trist å forlata Litlabø. Eg har jo hatt det veldig fint her desse åra, seier Aamot.

Den nye ungdomsskulerektoren trur ikkje skulen ho reiste frå, er heilt den same som ho no kjem attende til.

– Det er kome mange nye medarbeidarar på Nysæter i mellomtida. Så det vert nok ei god blanding av "gammalt og nytt". Det er noko me kan dra positive vekslar på, trur ho.

Aamot tok til som lærar på Nysæter ungdomsskule i 1988. Fram til 2008 jobba ho både som lærar og undervisningsinspektør ved skulen, med unntak av åra 1992-94. Då var ho tilsett av Aker Stord som lærar for norske elevar på Newfoundland. I 2008 og fram til i dag har ho vore rektor på Litlabø skule.

Trude Aamot vil formelt overta som rektor på Nysæter ungdomssskule når ny rektor er på plass på Litlabø. Ho vil likevel vera ein del på Nysæter i tida framover, og slik få ein glidande overgang.

Anita Eriksen er fungerande rektor ved Nysæter ungdomsskule inntil Trude Aamot formelt er på plass.

Bildet: Trude Aamot (foto: Inger Helene Kjeka)