– Eg er glad for at De har valt å ha læretida her hos oss. De er ein viktig ressurs som skal vera med å utvikla kommunen, og gi innbyggjarane våre eit godt tilbod, sa ordførar Liv Kari Eskeland då ho helsa dei nye lærlingane velkomen til kommunen.

Stord kommune har førebels teke inn 14 lærlingar innan faga IKT, barne- og ungdomsarbeidar og helsefag.

– Dette talet er litt lågt, men me er ikkje ferdige med inntaket enno, opplyser Dag Foseid på opplæringskontoret for kommunale fag.

Allereie torsdag denne veka skal fleire til intervju, og i følgje Foseid kjem ein i alle fall til å ta inn fleire på helsefag, og kanskje også i barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Foseid legg til at det framleis er mogleg å søkja lærlingplass i helsefag.

Bildet
Dei nye lærlingane i Stord kommune:

Bak frå venstre:

Veronica Hansen, Barne- og ungdomsfag
Anita Ånderå Aga, Barne- og ungdomsfag
Aina Meland, Barne- og ungdomsfag
Anne Kristine Lunde, Barne- og ungdomsfag
Fredrik Laastad, IKT
Tom-Einar Koppang, IKT

Framme frå venstre:
Susanne Hjelland, Barne- og ungdomsfag
Diana Risnes, Helsefag
Rebekka Karlsen, Barne- og ungdomsfag
Saadiya Ali Nur, Barne- og ungdomsfag
Hilde Holsen, Helsefag
Benedicte Jensen, Barne- og ungdomsfag
Lene Hallaråker, Barne- og ungdomsfag
(Therese Forland, Helsefag, var ikkje til stades)