Gjestehamna på Leirvik har endeleg fått ei oppgradering. Det nye servicebygget er mykje romslegare enn det gamle anlegget. I tillegg til toalett, dusjar, vaskemaskinar og tørketromlar er det toalett og dusj tiltrettelagt for funksjonshemma.

Det er også laga ein informasjonsskranke der båtturistane som er innom kan finna brosjyrar og anna informasjon.

– Det er plass til 75 båtar i det nye bryggeanlegget, og totalt kan me no husa omlag 200 gjestebåtar, fortel hamnesjef Arvid Sandnes.  

  Båtar ved dei nye flytebryggene.