Hudpleieverksemd skal gå føre seg i faste lokale og det skal meldast frå til kommunen kvar dette er. Det er krav til hygiene og reinhald og det er ikkje lov å driva med berre ambulerande eller oppsøkjande tilbod.

Treningssenter skal ha tilfredsstillande hygieniske tilhøve og ha dokumenterte rutinar for reinhald.

Kommunen har ikkje plikt til eller system for å kontinuerleg følgja med slike verksemder. Det er såleis folk som må stilla krav til det som vert utøvd og tilhøva i lokala. Folk må ta mangelfulle tilhøve direkte opp med dei som driv verksemdene. Me betaler for ei vare og må vera bevisste på kva me får att etter forbrukarlovverket. Konkurranse på pris må ikkje gjera det lettare å kunna driva med dårleg kvalitet eller større risiko for skade eller sjukdom.

Det er såleis viktig at me som kundar og brukarar, drøftar kvalitet med dei som driv. Folk treng ikkje nytta tiltak som verkar mindre tilfredsstillande. Me må nytta makta me har som kundar for å få tryggleik og tilfredsstillande kvalitet.

Det er likevel greitt at folk melder frå slik at kommunelegen er orientert om tilhøve som ikkje verkar greie. Det gjeld særleg ved kjensle av å ikkje møta forståing hjå dei som driv verksemda. Me kan gjerne saman få opning for betringstiltak der det trengst.

Kontakt

Kommunelege Lars Helge Sørheim

Telefon 53 49 66 30

E-post: post@stord.kommune.no