Konseptet er at alt kostar 30 kroner stykk, og at berre fine plagg og accessoirar for damer og herrar vert utstilt i butikken. Åse Toskedal, avdelingsleiar ved Hamna kontaktsenter, fortel at inntektene frå butikken skal gå til kontoen som brukarane ved Hamna kontaktsenter disponerer til bruk for ulike arrangement.

- Dette er ein velferdskonto som vert brukt til aktivitetar som for eksempel utanlandstur, julebord, blåtur og restaurantbesøk. Alle faste brukarar får tilskot frå kontoen til desse føremåla årleg, fortel Toskedal.

Gøymde skattar

Fire brukarar har ansvar for prosjektet, og har jobba med å få i gong butikken sidan i fjor haust. Desse held fram som butikkmedarbeidarar når butikken opnar. Bytebutikken har allereie fått inn mykje fine plagg og accessoirar, men Toskedal kjem med ein oppmoding til innbyggjarane i Stord.

- Me tek gjerne i mot meir klede, sko, smykke og vesker til damer og herrar, så det er fritt fram å kome innom dersom ein finn slike gøymde skattar heima som ein ikkje lenger har bruk for.

Bytebutikken kjem til å vera open tysdagar og fredagar klokka 11.00-14.00, samt torsdagar klokka 15.00-18.00.

Bilete på topp: Tre frå prosjektgruppa bak bytebutikken, frå venstre: Solbjørg Sandvik, Åse Toskedal og Ragnhild Paulsen.